Biografi

Draup

Det er mange som lurer på korleis ein i alle dagar kan byrja å spele på glas. Du tenkjer kanskje at vi har hatt eit fritidsproblem eller ein dårleg oppvekst?

Det heile starta med Matias Orheim (1884-1958), ein salmediktar frå Stårheim i Nordfjord. Denne mannen oppdaga glasmusikken i Kina og tok den med seg nordover. I forbindelse med 100 års jubileum for Orheim sin fødsel, tok Bjarte Sætre, kulturskulelærar i Stryn, oppdraget med å spele på glasa til Orheim. I ettertid har Bjarte laga fleire glasmusikkar (som vi kallar dette instrumentet) og lært opp unge musikkinteresserte i Stryn. Han har vore vår store inspirator.

Draup er Liv-Jorun Bergset (1984-) og Randi-Merete Roset( 1984 -) som begge kjem i frå Stryn. Vi har vore venninder sidan barnehagealder og delt musikkinteressa gjennom denne tida. På musikklinja ved Firda vidaregåande skule byrja vi å utforske glasinstrumentet ilag. Der arrangerte og komponerte vi musikk både for glas aleine, men og saman med andre instrument. Gjennom vidaregåande skule tok vi oppdrag åleine, men og i samarbeid med andre musikkstudentar. Etter vgs. gjekk Liv-Jorun på Fredly folkehøgskule. Året etter var ho stipendiat ved same skulen. Frå 2005-2008 gjekk ho på lærarutdanning ved høgskulen i Trondheim. Randi-Merete tok òg eit friår etter vgs, dette ved Sagavoll folkehøgskule. Frå 2004-2007studerte ho ved lærarhøgskulen i Bergen. Året 07/08 jobba ho som lærar i Bergen kommune.

I januar 2008 meldte vi oss på programmet Norske Talenter som gjekk på TV2 same våren. Glasmusikken vart oppdaga og likt av fleire enn innbyggjarane i Stryn. Vi er godt fornøgde med å ennde blant dei ti beste i konkurransen. Med dette vart det ei ny tid for Draup. Hausten 2008 flytta vi begge til Oslo og byrja på ny i same klasse. Dette på studiet Musikk og helse ved Norges musikkhøgskule. Komande år vert vi musikarar på heiltid gjennom den Kulturelle skulesekken i Sogn og fjordane og Nordland fylke. Til våren vert vi tilsett ved Sogn og fjordane teater under forestillinga om Matias Orheim sitt liv.